Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eit barn som sprang ut i eit fotgjengerfelt i Hystadvegen forårsaka eit trafikkuhell onsdag ettermiddag.

Politiet melde om uhellet i 17.15-tida onsdag, då ein bil køyrde inn i ein annan bil i Hystadvegen på Stord.

Ulukka skjedde etter at eit barn sprang over ein fotgjengerovergang. Ein bil bremsa så brått for å unngå samanstøyt med bilen. Bilen bak klarte ikkje då å bremse tidsnok, og køyrde inn i bilen framføre.

Barnet blei ikkje skadd etter hendinga, og blei teken hand om, melder politiet.

Føraren av den bakerste bilen, ein mann i slutten av 30-åra blei frakta til Stord sjukehus, men skal ikkje vere alvorleg skada.

- Annonse -

Føraren av bilen som blei påkøyrd, ein mann i 50-åra framsto som uskadd, melder politiet

- Annonse -
- Annonse -

Bergingsbil frakta vekk bilbane involvert i ulukka, og vegen vart raskt opna for trafikk.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -