Ulukka skjedde på E39 like sør for avkøyrsla mot Haugesund.
- Annonse -

Bilen med trafikklæraren og eleven køyrde ut av vegen ved Bråtveit i Sveio. 

Det var like før klokka 17.30 måndag at politiet fekk melding om utforkøyringa, som førte til at bilen hamna på taket.

– Begge skal vere oppegåande og truleg uskadde, skriv politiet på Twitter.

Ulukka skjedde på E39 ved Bråtveit i Sveio, like sør for avkøyrsla mot Haugesund.

– Det er ein trafikkskulebil som har kome ut av grøfta og deretter hamna på taket. Både elev og lærar skal ha framstått som uskadde etter uhellet, seier operasjonsleiar Victor Jensenl

Det var eleven som køyrde bilen. I følgje Sunnhordland kjem bilen frå ein køyreskule på Stord.

- Annonse -

Først vart det gjennomført manuell dirigering på staden, men vegen vart så heilt stengt grunna bilberginga.

I 18.20-tida melde Vegtrafikksentralen at E39 opna igjen for trafikkt.

- Annonse -