Førebels ukjent skadeomfang.
Klokka 21.57 fekk naudetatane melding om eit trafikkuhell på Stord der eit einsleg køyretøy er involvert.
Uhellet skal ha skjed ved Rundehaugtjørna, nord for avkøyringa til Dåfjorden.
– Det er veldig glatt og det har teke tid for politiet å koma fram, opplyser politiet.
Etter kvart opplyser politiet at det ikkje er snakk om eit alvorleg trafikkuhell.
– Det er ingen personskade, berre ein rein utforkøyring. Det er litt skadar på hjulet, samt det eine hjulet. Ingen politisak, oppdaterer Sør-Vest politidistrikt.