Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo fredag. Foto: Privat.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal seg fredag i ein gammal Toyota Yaris frå 2000 for å vera med på «Mongol Rally».

Äv: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Dei tre kameratane Torstein Søreide Skogedal, Ludvig Nielsen og Sven Hove skal køyra 16 000 kilometer i den gamle bilen.

Billøpet «Mongol Rally» startar på søndag like vest for Praha i Tsjekkia og endar i Ulan Ude heilt sør i Sibir i Russland, om sju veker. På turen skal dei blant anna gjennom Slovakia, Ungarn, Serbia, Bulgaria, Tyrkia, Iran, Turkmenistan, Usbekistan og Mongolia.

«Mongol Rally» skil seg frå andre billøp på fleire måtar. Alle laga må samla inn minst 1000 pund til eit veldedig formål. Bilen må vera liten og billig, kosta maksimum 1000 pund og ha ein motor på maksimum 1000 kubukkcentimeter. Dessutan må deltakarane klara seg på eiga hand utan organisert hjelp. Altså nokså ulikt dei billøp som me skriv om til vanleg.

- Annonse -

På turen sin skal «Team Yaristan skal» samla inn pengar til organisasjonen Sabona, og pengane går til utdanning og samfunnsutvikling i Zimbabwe. Målet er å samla inn 100 000 kroner, som er nok til ein brønn, seier Sven Hove til Jærbladet.

- Annonse -
- Annonse -

For å følgja med på billøpet kan ein følgje Facebook-sida til «Team Yaristan».

- Annonse -