Anja Paulsen gler seg til opninga av Spar Heiane. Foto: Privat
- Annonse -

Konkurransen om daglegvarekronene blir stadig skarpare på Stord, når Spar Heiane opnar dørene.

Berre i løpet av dei siste tre åra har det opna tre heilt nye daglegvarebutikkar på Stord, dersom ein tek med nyopninga av Spar på Heiane.

Konkurransen om daglegvarekundane på Stord har truleg aldri vore så hard som når den nye butikken opnar på torsdag.

Den nye Spar-butikken på Heiane vil likevel skilje seg frå dei fleste av dei andre daglegvareforretningane. Det vil nemleg bli den einaste butikken i Leirvik- og Heiane-området som har ferskvaredisk.

– Området består i dag berre av lågprisbutikkar, så her meiner me at ein Spar-butikk vil kunne tilby kundane noko meir, seier driftssjef Inge Birkeland i Spar.

Les intervjuet som Stord24 gjorde med butikksjef Anja Tufteland Paulsen tidlegare i sommar her.

- Annonse -