MF Samnøy har kurs mot ferjekaien. Arkivfoto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -

Ferjekøen sto forbi Haugland klokka 15 i dag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden

To trafikantar har fredag kontakta Midtsiden for å fortelja om lang kø retning Halhjem og Halhjem ferjekø fredag ettermiddag.

– Eg har stått dønn i ro her i 5-6 minutt, seier ein av dei til Midtsiden klokka 15.

Klokka 15.25 har køen vakse frå Haugland til Lepsøykrysset.

Kystbussen kom til Leirvik meir enn ein halvtime seinare enn ruta i 17-tida fredag.

- Annonse -

Førre helg, fredag før pinse, rekna Torghatten med betre flyt enn tidlegare år, men det blei kø til Moberg denne gong òg.

I dag er det truleg kansellerte ferjer som er årsaka.

Torghatten har hatt fire kanselleringar frå Halhjem i dag, klokka 8.30, 10.10, 11.50 og 13.30.

Alle har vore på grunn av tekniske problem med MF Samnøy.

Midtsiden veit ikkje om reserveferja MF Fanafjord er sett i drift. Vi har heller ikkje lykkast i å nå driftssjef hos Torghatten.

- Annonse -