Foto: Kjetil Ree/Wikipedia (CC BY-SA 3.0-lisens)
- Annonse -

Wärtsilä på Stord skipar til konferanse og work shops med næringsministeren i slutten av april.

«La oss revolusjonere skipsfartens økosystem!»

Dette er utgangspunktet for innovasjonsdagen «Future Innovation Day» som Wärtsilä på Stord skal arrangere i slutten av april.

Trekkplasteret til arrangementet er næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Tidlegare oljeanalytikar Thina Margrethe Saltvedt kjem også. Ho er i dag analytikar hos Nordea for bærekraftig finans, og skal snakke om reisa frå fossil framdrift til nullutslepp i skipsfarten.

I tillegg kjem visepresident Roger Holm i Wärtsilä-konsernet, og Matt Duke frå reiarlaget Grieg Star.

- Annonse -

Dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, skal leie ein debatt med aktørane.

– Denne dagen vil bringe politikarar, forskarar og næringslivet saman for å diskutere idéar, verktøy og teknologi som kan føre til eit smart økosystem for skipsfarten, skriv Wärtsilä.

- Annonse -