Ordførar Gaute Epland, Ap, gjorde si samfunnsplikt måndag føremiddag. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ordførar Gaute Epland (Ap) leverte røystesetlane i urna i kulturhuset måndag føremiddag, med ein god porsjon sommarfuglar i magen.

Det var tidvis lange køar i røystelokala i kulturhuset i sentrum måndag føremiddag. Ein av dei som tok turen for å røyste var ordførar Gaute Epland.

Ein intensiv valkamp er over, og med røystesetelen levert i urna er det heile gjort. No er det berre å vente på resultatet.

– Kor sikker er du på at dette går vegen din?

– Eg er ikkje sikker i det heile teke. Men eg veit at me har gjort ein god valkamp, og ikkje minst ein positiv valkamp.

Historisk mange i sving

Epland fortel om eit historisk stort engasjement for Arbeidarpartiet sin lokalvalkamp på Stord.

- Annonse -

– Nokre i partiet som har vore med heilt sidan 1983 seier at det aldri har vore fleire folk med enn i årets valkamp. Me har hatt opp mot 30 stykk i sving, fordelt på 4-5 stands på ulike stader. Det har vore veldig kjekt å vere med på eit sånt engasjement.

– Kvifor trur du det er så stort engasjement i årets valkamp?

– Det er vanskeleg å seie, men me har fått ein god del unge og nye folk med eit veldig bra engasjement. Det har generelt vore ein bra stemning i gruppa.

Nøgd viss Ap held stand

På meiningsmålinga som Sunnhordland utførte i slutten av august fekk Ap 29,4 prosent oppslutnad, som er to prosentpoeng dårlegare enn ved valet i 2015. Epland seier han er nøgd så lenge partiet held stand, og ikkje får færre representantar i kommunestyret.

– Me har som mål å halde på dei 11 representantane me har. Klarar me det så er eg veldig nøgd.

Men sjølv med eit godt valresultat for partiet så er det ikkje gitt at Epland beheld ordførarvervet. Den sitjande koalisjonen, beståande av Ap, SV, KrF og Sp har ikkje varsla på førehand at dei vil halde fram å styre i lag etter valet.

– Dette kjem sjølvsagt an på resultatet. Men det ligg godt til rette for eit vidare samarbeid. Målet vårt er at me skal snakke med partia me samarbeider med først.

– Sentrum har makta

I Fitjar har KrF på førehand bestemt seg for å samarbeide med Frp, og i fylkespolitikken i Hordaland er samarbeidet mellom Senterpartiet og Ap tynnslitt.

– Fryktar du at Senterpartiet og KrF vil gå over til høgresida på Stord?

– Eg fryktar det ikkje, men det er jo ein moglegheit. Det er grunn til å tru at dei to partia vil halde i saman. Det er ikkje til å legge skjul på at det er sentrum som har makta. Samtidig trur eg Jakob Bjelland vil lytte, og eg ser det som unaturleg at dei vil skifte side.

I år stiller også Raudt liste på Stord. På spørsmål om eit samarbeid med Raudt kan vere aktuelt for å få vektskåla på si side er Epland nølande.

– No vil det jo vise seg om dei kjem inn, noko som er veldig usikkert. Men Raudt og Ap står langt frå kvarandre. At me i enkeltsaker kan finne felles grunnn er eg sikker på, men det er mest naturleg at dei ikkje blir i ein samarbeidskoalisjon.

- Annonse -