Tor Endresen kan sjå tilbake på ei lang karriere som musikar. I fjor feira han 60-årsdag med to utselde konsertar i Grieghallen. Foto: Vindblikk
- Annonse -

Plateaktuelle Tor Endresen (60) og dottera Anne Sophie Endresen heldt ein stemningsfull konsert i Stord kyrkje på søndag.

– Eg synes sjølv det var ein heilt nydeleg konsert. Flotte artistar, musikantar og eit nydeleg publikum. Spesielt kjekt var det at han fekk med seg Anne Sophie. Endresen-arva er sikra, seier arrangør Ole Johnny Almås til Stord24.

Rundt 170 stykk tok turen til kyrkja denne regnfulle søndagskvelden for å delta på årets første nyttårskonsert i regi av Gruveklubben, som i april i fjor hadde konsert med Jack Vreeswijk i Gruvehuset på Litlabø.

I november og desember turnerte Endresen med juleturneen Stille Natt, Heilage Natt, og har i løpet av dei siste åra hatt fleire konsertar i kyrkjene rundt om i Noreg. No var turen komen til Stord.

Far og dotter i skjønn harmoni

– Karriera mi starta på mange måtar med Pål Thowsen i «det raude Sjøhuset» på Stord, og i teltet på Leirvik med Ausekarane. Og no er eg her, i Stord kyrkje, opplyste Endresen i byrjinga av konserten.

Fembarnsfaren albumdebuterte i 1986 med albumet Call Me Stranger, saman med Pål Thowsen og sentrale medlem av bandet Lava. Sidan har han gjeve ut ei rekkje singlar og album, delteke i Melodi Grand Prix heile tolv gongar, og er blant anna kjend som syngjande bartender i NRK-programmet Lollipop med Rune Larsen på 1990-talet.

- Annonse -

Med seg på søndag hadde han dottera Anne Sophie Endresen på vokal, samt kollega frå Ausekarane, Jan Arne Knudsen på el-gitar og Svein Tore Hindenes på tangentar.  

Saman spelte dei ei rekkje låtar frå Endresen sine tidlegare utgivingar og nye låtar som er skriven i samband med den komande country-plata til far og dotter.

Rundt 170 stykk møtte opp til nyttårskonserten med Tor Endresen og dottera hans. Foto: Vindblikk

På ingen måte keisam

Konserten opna med ei fortryllande tolking av låta Harmony til Claudia Scott, som for øvrig deltok saman med Tor Endresen i TV2-programmet Hver gang vi møtes i 2018. Deretter gjekk turen vidare til The Right Way Home, som er debutsingelen til duoen Anne Sophie og Tor Endresen, også kalla Endresens.

Publikum får vere med på eit breiddt spekter av sjangrar i løpet av konserten. Frå kjente, pompøse popballadar som Ingen er så nydelig som du og Reis deg opp, bluegrass og americana-inspirerte innslag, gamle gospelklassikarar som Down By The Riverside – til den lokalpatriotiske vestlandslåta La Regnet Øse Ned – den timeslange konserten blir aldri keisam eller forutsigbar, og varer akkurat lenge nok til at folk klarar å nyte det.

For somme vekte det kanskje også gamle minner og ei kjensle av nostalgi. Som ein av publikummarane sa på veg ut døra: «Desse låtane kunne eg før då eg sang i Ten Sing».

Høgdepunktet må likevel seiast å vere Anne Sophie sin versjon av Eva Cassidy-låta Songbird. Ei vanskeleg låt som dei færraste er i stand til å meistre, men som viser fram Anne Sophie som den rutinerte og kompetente vokalisten ho faktisk er.

Duoen skapte både latter og nostalgi under konserten på søndag. Biletet er teke i samband med framføringa av debutsingelen deira «The Right Way Home». Foto: Vindblikk