
Kantspelaren Tor André Skimmeland Aasheim (22) har tidlegare spelt i Eliteserien for FK Haugesund og Viking. No er han klar for Bryne.
Kontrakten med Bryne strekkjer seg ut 2022.
Trass i sin unge alder har han spelt over 30 kampar i Eliteserien, og har dermed gode referansar frå toppfotballen i Norge.
22-åringen har også spelt landskampar for alle aldersbestemte landslag.
– I Tor André får me ein hurtig spelar som er god på å utfordre ein mot ein. Han vil passe godt inn i måten me skal spele på, seier hovudtrenar i Bryne, Jan Halvor Halvorsen.
I fjor haust representerte Skimmeland Aasheim OBOS-klubben Jerv Grimstad, der han fekk han lite speletid.
Kantspelaren frå Stord debuterte for FK Haugesund allereie som 16-åring.
Bryne rykte ned til 2. divisjon i 2016. Det var første gong klubben rykte ned frå dei to øvste divisjonane på 45 år. Trenar Halvorsen har sagt at han har ambisjonar om at kubben skal vere tilbake i Eliteserien i 2020.