Kai Eide. Foto: Wikimedia Commons
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kai Eide (69) har hatt ein lang karriere som norsk diplomat. Neste veke kjem han til Rommetveit for å delta på Samtidsdagane på Høgskulen.

For 11. gong på rad skipar Høgskulen på Vestlandet til Samtidsdagar på Stord i neste veke. Arrangement har i løpet av desse åra vakse og utvikla seg, og dei siste åra har det vore over 1000 påmeldte.

– Me lever i ei omskifteleg verd, og me treng å bryna tankar og meiningar. Difor må me dele kunnskap, og me treng eit godt og opent ordskifte kor me lyttar til kvarandre for å forstå verda og oss sjølve, seier prosjektleiar Alf H. Aronsen.

Mange kjende namn

Trekkplastera for årets samtidsdagar er Kai Eide, Vigdis Hjorth og Niels Christian Geelmuyden.

Kai Eide er ein kjend norsk diplomat og ambassadør. Han har tidlegare vore norsk Nato-ambassadør og spesialutsending for FN i Afghanistan. Han skal delta i ein panelsamtale saman med mellom anna generalsekretær i Amnesty, John Peder Egenæs.

Samtala vil bli leia av den kjende kommentatoren i Stavanger Aftenblad, Sven Egil Omdal.

- Annonse -
- Annonse -

De populære forfattaren Vigdis Hjorth kjem også, og skal delta i ein panelsamtale om korleis å sjå barn som er utsett for vald og traumer.

- Annonse -
Helene Sandvig, kjend frå NRK-serien Helene sjekker inn, kjem. Foto: NRK

Ho skal ha ein samtale med Morten Joachim, som vaks opp med narkomane foreldre og narkoman bror. I dag er han nytilsett teatersjef på Haugesund Teater.

Når foreldre får demens

NRK-journalist Helene Sandvig, kjend frå det populære programmet «Helene sjekker inn» kjem også. Ho skal samtale med Leif Steinar Alfsvåg om å ta farvel med ein pappa med demens.

Sandvig har skrive bok om då ho mista faren sin i 2015, etter at han hadde forsvunne inn i demensen gjennom fem år.

Samtidsdagane går føre seg 15. og 16. januar. Arrangementa er gratis og opne for alle.  Her kan du lese heile programmet.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -