Sigbjørn Framnes i Stord Frp. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Replikk: Eg vonar Tonnessen forstår at usemja vår skuldast at me har ulik tilnærming i politiske saker – ikkje at eg meiner han er ein idiot.

Av: Sigbjørn Framnes,
Ordførarkandidat, Stord FrP

Eg har forståing for at bodskapet skal spissast i ein valkamp og at eigne politiske løysingar skal framhevast – helst på bekostning av politiske motstandarar. Det er ein del av det politiske livet, og noko me aksepterer.

Me skal ha tøff debatt, og me skal ha takhøgde i dei. Men det må vera sakleg!

Å tillegge politiske motstandarar ting dei faktisk ikkje har sagt blir å ta debatten ned på eit nivå eg ikkje vil vera med på.

John F. Tonnesen (MDG) hevdar i sitt lesarbrev at eg nær kalla han ein idiot. Det er sjølvsagt ikkje sant. Eg er i tillegg heilt trygg på at om så var, ville ordførar ha klubba meg i debatten.

- Annonse -

Det å påpeike det openbare, at det er fylkeskommuna som både har ansvaret for og midlane til kollektivtrafikken må vera lov. Om dette verkeleg var så ille som Tonnesen hevdar er det rart at me ikkje har blitt konfrontert med det før no, nokre veker før valet. Hent-meg bussar er forøvrig ei ordning me i FrP har i fylkesprogrammet vårt.

Eg vonar at Tonnessen også forstår at eg ikkje tenker at hans løysingar er rett verkemiddel for kommunen. Det skuldast at me har ulik tilnærming i politiske saker – ikkje at eg meiner han er ein idiot.

- Annonse -
Forrige artikkelNytt oppdrag til Fitjar Mekaniske Verkstad
Neste artikkelSolveig dansar seg til Operaen: – Dans er noko av det kjekkaste eg veit