Tonje Engevik i midten. Foto: tipsar
- Annonse -

18-åringen frå Stord danka ut 70 av dei beste juniorane i verda i stort internasjonalt skyttarstevne i Tyskland fredag.

Konkurransen ho vann var 50 meter liggande. Der ho fekk ein poengsum på 620,7 som sikra ho gullet i det internasjonale pistol- og riflestemnet ISAS Dortmund fredag.

– Det var veldig kjekt, og eg har ikkje hatt så bra sesong i det siste, og ein opptur å endeleg få det til. Dette gjer godt for å få opp motivasjonen litt, seier Tonje til Stord24.

Tonje i midten på pallen i Tyskland, Foto: tipsar

Hevdar seg i verdstoppen

Det var ikkje få ho måtte kjempe mot i kokurransen. Rundt 70 skyttarar frå heile verda var med i øvinga som Tonje vann.

– Det er eit veldig stort internasjonalt stevne, der det kjem folk frå heile verda. Det er veldig kjekt at eg kan hevde meg i toppen blant dei beste juniorane i verda.

- Annonse -
- Annonse -

18-åringen frå Stord har tidlegare sagt at ho ville sikte mot OL til neste år.

– Eg gjer framleis det, men satsar kanskje endå meir på OL i 2024. Då har eg god tid til å legge ned mykje trening, seier ho.

I morgon har ho endå ein konkurranse på stevnet som ho skal delta i.

Nøgd pappa

Far til Tonje er naturlegvis trålande nøgd med innsatsen til dottera.

– Når jentungen står øverst på pallen i eit stort internasjonalt stemne gjer det noko med ein stolt far, sponsor og støttespelar. I dag skjedde det i Tyskland! GRATULERER Tonje Engevik! skriv pappa Jens Tore Engevik i ei melding til Stord24.

Engevik går til vanleg på skyttarlinja på Norges toppidrettsgymnas i Kongsvinger. Her kan du sjå eit portrett av Tonje, laga av gymnaset:

- Annonse -