Tonje Engevik i midten. Foto: tipsar
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Den 19 år gamle jenta frå Stord er ein av tre kvinnelege juniorar som skal representera Norge under VM i Sør-Korea.

Etter å ha imponert på uttakstemnet vert det klart at Tonje Engevik var ei av tre kvinnelege juniorar som skulle få reise til Changwon i Sør-Korea og konkurrere.

Verdsmeisterskapet i skyting startar 31. august og held på til 14. september.

Håpar på OL

Med meisterskapet som nærmar seg, blir det ikkje mykje tid til ferie for 19-åringen. Tonje fortel at utanom ein liten sidejobb er det skyting ho driv med. Ho er ferdig på vidaregåande og seier ho vil satse på skytinga.

– Det er berre å trene framover. Det er dette eg satsar på og store meisterskap som VM er veldig kjekt.

Tonje fortel at sjølv om det er VM som står for døra i fyste omgang, har ho ambisjonar om enda større konkurransar i framtida.

- Annonse -
- Annonse -

– Om det går rette vegen håpar eg på OL i 2024, seier Tonje.

- Annonse -

Har skyting i blodet

Tonje fortel at interessa for sporten kom tideleg og at skyting var noko som fell ho naturleg.

– Eg valde eigentleg skyting fordi det ligg i familien. Både mamma og pappa har skutt så det var noko eg fekk prøve som liten. Det var kjekt og då fortsatte eg. Så har det eigentleg berre blitt slik.

Sjølv om familien delar interessa for sporten, er Tonje den første som konkurrerer internasjonalt.

– Kva trur du familien tenker om at du skal konkurrere i VM?

– Dei syns nok det er veldig stas, ler Tonje.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -