Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

– Det er rimeleg sjokkerande at Arbeiderpartiet seier at alle vegprosjekta er positive når dei samtidig avviser finansieringa. – Amen, sa Torbjørn Brosvik (KrF).

Sjølv om det var eit klart fleirtal mot Stordpakken i formannskapet, (SV, Venstre og KrF røyste for) var alle partia med unntak av Framstegspartiet innstilt på å sjå på andre alternativ fram mot handsaminga i kommunestyret i slutten av juni.

Likevel fekk Ap skarp kritikk i debatten frå Geir Angeltveit i Venstre og koalisjonspartnar Torbjørn Brosvik i KrF, som begge er ivrige forkjemparar for Stordpakken. Bakgrunnen er at dei i går flagga at dei ville gå i mot Stordpakken.

– Valteknisk innspel

– Det er rimeleg sjokkerande at Arbeiderpartiet seier at alle vegprosjekta er positive når dei samtidig avviser finansieringa. Dette er reint valteknisk innspel frå Ap, sa Angeltveit.

– Hadde denne saka kome før debattane om ferjestø og biogassanlegg hadde Ap røysta for den. Dette er beklageleg, og eg håper verkeleg at Ap er villige til å høyre på argumenta som kjem fram.

Marit Tislevoll Odland (Ap) nyanserte utspelet gårsdagens utspel frå Stord Ap om at dei ikkje nødvendigvis er prinsipielt motstandar av Stordpakken.

- Annonse -

– Me seier ikkje nei til bompengar, men me vil ikkje røyste for framlegget som ligg på bordet i dag, sa Marit Tislevoll Odland (Ap).

Dette hindra ikkje Angeltveit i å forsøke å plukke frå kvarandre dei tre argumenta Ap bygger motstanden på.

– Det fell på sin eigen urimelegheit når Ap skriv at dette vil ramme barnefamiliar. Stordpakken vil jo nettopp bidra til at barn kan sykle til skulen og spare foreldre for all skyssinga. Det er også feil konklusjon at handelsnæringa vil bli råka. Me veit at syklistar legg igjen meir pengar enn bilistar, så handelsnæringa vil tene på at fleire syklar.

Full støtte frå KrF

Angeltveit fekk full støtte frå Torbjørn Brosvik i KrF:

– Frå KrF si side må me sei amen til det Angeltveit seier.

KrF-politikaren meinte det var heilt urealistisk at fylket ville finansiere vegprosjekta som ligg inne i Stordpakken.

– Det blir som å tru på julenissen. Det har me gjort i alle år, og det har ikkje kome mykje asfalt ut av dette. Når ein tek rassikring, tunnelmidlar og pengar løyvd i andre bompengepakkar så er det ikkje fleire vegmidlar igjen i fylket å slåss om. Korleis Ap og Frp har lyst å få dette til har eg veldig lyst å få svar på.

Positive signal frå Høgre

Sverre Olav Svarstad i Høgre stilte seg bak Ap sitt utspel, men var kanskje endå meir optimistisk på å få gjort eit positivt vedtak om Stordpakken i kommunestyret, dersom ein kjem med justeringar som vil gjere den meir rettferdig.

– Høgre er ideelt sett mot bompengar og eigedomsskatt. Men nokre gonger må me gjere nok me ikkje ønskje for å få til noko. Me røystar i mot framlegget i dag, men vonar at me fram mot kommunestyret kan kome fram til endringar som gjer at me kan røyste for innkrevjing av bompengar.

Ein representant frå Statens Vegvesen orienterte om prosessen, og påpeika mellom anna at utgiftene til drift har nær halvert seg dei siste åra, og ligg no på noko over éi krone per passering. Utviklinga med fleire regionale bompengeselskap vil også føre til ei reduksjon i driftskostnadar.

- Annonse -