Tom Erling Kårbø jublas over førsteplass i "Først til mølla" i Fitjarfjellet i fjor. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tom Erling Kårbø frå Stord IL vann ein klar siger i dagens motbakkeløp «først til mølla», medan Eli Anne Dversdag var endå meir overlege i dameklassen.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Stord-løparen har hatt sin beste sesong, og viste på nytt at forma er upåklageleg, då han vann ein overbevisande siger etter å ha knekka motstandarane på slutten.

Det var tydeleg at landslagsløparen hadde litt større toppfart enn dei skarpaste konkurrentane, motbakkespesialist Torstein Tengsareid frå Eigersund, og dei to langdistanseløparane Senay Fissehatsion Føls og Michael Ande Tesfamichael frå Oslo.

I det lette partiet før siste sving drog Kårbø frå, og suste inn i einsam majestet, til ny løyperekord på 19,04.

Eli Anne Dvergsdal jublar over ny siger. Foto: Kjetil Rydland.

I dameklassen var tidlegare vinnar Eli Anne Dvergsdal endå meir suveren, sjølv om ho ikkje greidde å slå sin eigen løyperekord. Med tida 23,32 var ho over to minutt føre neste kvinne, Maryna Novik frå Klypetussen, som vann klassen 35-44 år..

- Annonse -

Ikkje så mykje lenger nede på resultatlista over årets «Først til mølla» finn me fleire nesten like interessante namn. Med tida 24,10 kom 13-åringen Sigurd Henriksen frå Bergen inn på 11. plass totalt. Han har sterke røter på Fitjar, og er ein av dei beste skeiseløparane i verda i sin årsklasse. Me gler oss til å sjå han igjen!

Sigurd Henriksen, ein av dei mest lovande skeiseløparane i verda i sin årsklasse. Foto: Kjetil Rydland.

Dei to Fitjar-ungdommane Halvor Livastøl Aga og Eirik Torbjørnsen hadde lite å stilla opp med mot unge Henriksen, men dei imponerande tidene 26,16 og 26,52 heldt til 17. og 18. plass totalt. Dei måtte òg innsjå at langbeinte Bård Inge Bø framleis er eit strå kvassare, høgdehopparen og friidrettstrenaren frå Sunnmøre blei beste løpar i Fitjar-drakt, med tida 24,57. Av den eldre garde var som vanleg Magne Skumsnes blant dei som imponerte mest. Med tida 29,04 blei han nummer 25 totalt, av dei 46 som starta.

Det høyrer med til soga at Magne Helland (63) slo Jan Henriksen (74) i eit skikkeleg nappetak i klassen for dei som ikkje deltok i konkurransen. Dei to stilte i turmarsjen, og kom i mål på 42 minutt, godt føre dei siste på resultatlista i konkurranseklassen.

Som vanleg sørgde Ole Bergesen, Fitjar Idrettslag og Midtfjellet Vindkraft for eit prikkfritt arrangement. Publikumsframmøtet var upåklageleg, og alle fekk kaffi, kaker og pølser, spandert av Midtfjellet Vindkraft. Og ordførar Wenche Tislevoll stod for den offisielle opninga av Fase III, siste del av vindparken.

- Annonse -