Tom Erling Kårbø frå Stord har fleire gonger vore på trenigsleir i Arizona, der han også har vore privatlærar for Ingebrigtsen-brødrene. F.v. Tom Erling, Jakob, Henrik og Filip Ingebrigtsen og Camilla Ziesler. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Idrettstalentet Tom Erling Kårbø satsar på å delta i VM i London, men har nytta dei siste vekene som privatlærar på treningsleir i Arizona saman med dei tre Ingebrigtsen-brørne.

Med sine sterke prestasjonar trass den unge alderen har Jakob Ingebrigtsen (16) vist seg å vere eit av verdas største idrettstalent. Dei siste fire vekene har han vore på treningsleir i Flagstaff i Arizona saman med storebrørne Henrik og Filip,  samt 17-år gamle Camilla Ziesler som er Norges beste 17-åring.

Idrettstalentet Tom Erling Kårbø på Stord var også med. Ikkje berre for å drive hardtrening, men for å vere privatlæraren til Jakob Ingebrigtsen og Camilla Ziesler innimellom treningsøktene.

Kjent familien sidan 2006

28-åringen fortel at kjennskapen til Ingebrigtsen-familien går mange år tilbake.

– Eg blei kjend med Henrik og Filip for første gong i 2006 på treningsleir i Portugal. Då budde Stord og Sandnes sine utøvarar på same hotell og trente saman.

- Annonse -

Som juniorløpar var Tom Erling ofte på landskamper og reiste saman med Henrik. Seinare flytta han flytta til Stavanger for å studere master i økonomi.

Tom Erling Kårbø siktar mot VM i London. Foto: privat

– Då begynte eg å trene litt med dei og har det siste året også trent litt sammen på høgdetreningsleir.

– Kunne ikkje hatt betre jobb

Det var den profilerte faren til idrettstalenta, Gjert Ingebrigtsen, som spurte Tom Erling om han ville bli med brørne på treningsleir til Flagstaff, Arizona.

– Faren til Jakob såg etter nokon som var flink nok på skulen til å kunne undervise matte og følgje opp studiane til Jakob medan han var på treningsleir. Samtidig ønska han at det var nokon som han viste gjekk overeins med brørne, sidan me bur tett på kvarandre i ei slik samling.

– Korleis har det vore å vere privatlæraren til Jakob?

– Det har vært ein veldig kjekk jobb som har krevd ein del planlegging og kommunikasjon med skulen. Eg kunne nok ikkje kome på ein betre jobb om eg hadde prøvd. Eg tenkjer ikkje så mykje på at han er eit av verdas største idrettstalent.

Siviløkonomen frå Stord fortel at Jakob ikkje er nokon trøblete elev å vere lærar for.

– Han er veldig disiplinert og effektiv når me jobbar med skulen, men han ønskjer ikkje å bruke meir tid på skule enn nødvendig. Han er flink på skolen og tar ting ganske raskt, seier Kårbø.

Omgjengeleg

Faren til Ingebrigtsen-brørne, Gert Ingebrigtsen fortel at Tom Erling var eit naturleg person å spørje for å bli privatlæraren til Jakob.

– Han er ein veldig triveleg, omgjengeleg og kunnskapsrik person og har jobba lenge som vikarlærar. Han har også vore mykje saman med gutane og reist i mange år, så eg kjenner han godt. Difor var han den første eg tok kontakt med som kunne hjelpe oss med den biten. Han tok dei første tre vekene, og no er det ein annan som tek dei neste vekene, så det har fungert veldig bra.

Vil til VM

Sjølv har stordabuen, som fokuserer på 3000 meter hinder, også vald å satse hardare på idrettskarrieren denne sesongen. London-VM i august er det store målet.

– Eg har satset litt hardare i år enn før og har difor berre jobba deltid etter at eg vart ferdig med siviløkonomiutdanninga i fjor sommar. Treningen har gått bra i vinter og ambisjonen min er å delta i årets VM i friidrett og komme til finalen i neste års EM i friidrett.

Tom Erling fortel at ein vanleg dag på treningsleiren har bestått av å stå opp før klokka 8, første treningsøkt frå klokka 8.30 til 10. Så er det jobbing med skulearbeid frå 10.30 til 13.30, lunsj kl. 14 og avslapping til neste økt som varer frå 17.30 til 20.00. Deretter er det middag, før han må førebu neste skuledag før leggetid klokka 23.

 

- Annonse -