MS Sunnhordland legg til ved moloen i Port Steingard. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

Leiinga i Stord kommune fekk vist seg frå si beste side i går kveld då dei tok med representantar frå vennskapskommunane i Danmark, Sverige og Finland på tur med MS Sunnhordland i Kråko.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Det var ein særs fornøgd Stord-ordførar me fekk helsa på i Kråko i går kveld, då han var på cruise med vener frå kommunane Hangø i Finland, Gentofte i Danmark og Halmstad i Sverige. Frå gjestene sine hadde han berre fått lovord, og han kunne slå fast:

– Det er kjekt å få vist seg frå si beste side!

Cruiset var opphavleg sett opp som ein tur for kommuneleiinga, formannskapet og dei nordiske gjestene, opplyser Knut Gram i Stord kommune.

Stord har nemleg dei siste dagane vore vertskap for besøket frå dei nordiske venskapsbyane. Byane har fått utveksla erfaring frå ei rekkje felt som innan administrasjion, utdanning, sosiale forhold, byplanlegging og miljøarbeid.

- Annonse -
Representantar frå venskapsbyane til Stord møttest til erfaringsutveklsing. Foto: Stord kommune

Blei opna opp for publikum

Men etter kvart blei turen opna opp for publikum, og til saman hundre hundre fornøgde turistar steig i land på moloen på Port Steingard i åttetida torsdag kveld.

Då hadde dei bak seg ein roleg båttur på rundt to timar då det store skipet la til ved moloen til Johannes Sandvik og Jorunn Hernes i Port Steingard. Om bord hadde cruiseturistane kosa seg med ølsmaking, reker og kylling.

Naturlegvis var vertskapet på kaien og tok imot dei celebre gjestene, ikkje så lite oppstemte over å få høve til å ta imot eit så stort skip. Djupna ved moloen er bra, og Johannes visste at det ikkje var noko problem for «Sunnhordland» å leggja til ved kaien hans på ein sikker måte.

Anders Bjørk fortel om ølbryggeriet En Liten Øl. Foto: Kjetil Rydland

Omvising på ølbryggeriet

På Steingard blei det berre halvannan times liggetid, men det var nok til å sjå seg om i «hjartet» i Kråko. Særleg svoltne var dei ikkje, men PS Bryggekafé hadde ope for dei som ønskte seg litt å bita i og ei forfrisking. Og i ølbryggeriet vegg i vegg blei det full omvising ved ølbryggjar og medeigar i En liten øl, Anders Bjørk, og marknadssjef Marita Nysæther.

Blant passasjerane fann me 85-åringen Knut Nygård frå Nymark på Tysnes. Han feira bursdag i går med å ta familien med på cruise til Fitjar. Selskapet på fem storkosa seg på Port Steingard i går og meinte dette var ein ypparleg måte å markera ein 85-årsdag.

– Eg er under opplæring, sa Henning Jacobsen, som er skippar på MS Sunnhordland trass i pensjonsalder. Foto: Kjetil Rydland

Skipper på skipet i går kveld var Henning Jacobsen, som ikkje akkurat vil kalla seg pensjonist, sjølv om han for lengst har alderen:

– Eg er under opplæring, sa han og smilte.

Saman med eit par andre har han det som hobby og deltidsjobb å vera skipper på «Sunnhordland» om sommaren. Han har vore sjømann eit heilt liv, og har alltid trivst med det. Blant anna har han vore kaptein i NorCargo-systemet i 30 år.

Han synest det er ein kjekk jobb, og er full av lovord over Leif Trygve Nilsen og Kjell Fylkesnes, som har greidd å få båten heim til Stord. Alt det tekniske om bord fungerer greitt, seier han, og det var ikkje noko problem å leggja til ved Port Steingard.

Og han seier som dagleg leiar, og turdeltakar i går, Sigbjørn Framnes:

– Me kjem gjerne igjen til Kråko!

- Annonse -