Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fredag stansa politiet ein bil etter vinglete køyring. I bilen fann dei meir enn 10.000 ulovlege tablettar, skriv Haugesunds Avis.

– Me stansa bilen på grunn av køyrestilen. I bilen var det to menn og ein større mengde ulovlege tablettar, seier politiadvokat Brage Lyse ved Haugesund politistasjon til Haugesund Avis.

Dei ulovlege tablettane det vart teke beslag i er Rivotril og Xanom.

– Det er ikkje ofte me tek beslag i så mange tablettar.

Dei to mennene som sat i bilen, ein i 50-åra og ein i 60-åra, blei frakta til arresten då dei blei stansa av politiet på fredag.

- Annonse -

Etter å ha gjennomført politiavhøyr blei dei begge lausletne søndag, då politiet vurderer at det ikkje er fare for tap av bevis.

- Annonse -
- Annonse -

– Den eine mannen har erkjent oppbevaringa og teke på seg anvaret for alt, seier Lyse til avisa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -