Delar av beslaget som blei tatt på Halhjem 13. desember 2018. (Foto: Politiet)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Passasjerar reagerte på fire menn på ferja – politiet gjorde storbeslag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden

Orgkrim Bergen etterforska for tida ei sak etter eit beslag på Halhjem torsdag 13. desember i fjor.

Fire menn, tre norske og ein dansk, sit varetektsfengsla etter funn av 150 kilo med hasj i bilen deira.

– Det var passasjerar på ferja frå Sandvikvåg til Halhjem som reagerte på dei fire, og som varsla politiet.

– Politiet på Os tok meldinga på alvor, og fann narkotikaen i varebilen deira, fortel politiadvokat Asbjørn Onarheim til Midtsiden.

- Annonse -
- Annonse -

Han vil ikkje seia kvar dei tre norske kjem frå, anna enn at dei høyrer heime på Vestlandet.

Smugla i seglbåt

Etterforsking har vist at dei fire smugla hasjen frå Danmark til Noreg i seglbåt, for så å lasta narkotikaen over i ein varebil.

- Annonse -

Politiet vil ikkje seia kva by dei kom til land i, men at det var ein stad på Sørlandet.

Risikerer over 4 år i fengsel

– Eg vil berømma både passasjerane som var vakne, fekk dette med seg og varsla, og politiet, som tok meldinga på alvor, seier Onarheim.

Han er ikkje sikker på kor tid saka kjem opp i retten.

– Eg reknar at saka vil vera ferdig etterforska til sommaren. Så skal det bli tatt ut tiltale og berammast sak.

Strafferamma er 15 år fengsel. I mai 2018 blei ein pensjonist frå Bergen, ifølgje BT, dømt til 4,5 år fengsel for smugling av 95 kilo hasj.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -