Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Politiet måtte dra heim til mannen i 50-åra to gonger i løpet av natta.

Det var like før midnatt at ein patrulje blei sendt ut til stordabuen, etter gjentekne oppringningar til nsudnummera 110 og 112.

Mannen fekk då beskjed om å stoppe, og politiet tok beslag i mobiltelefonen hans.

Så gjekk det berre nokre timar, så var det på ‘an igjen. Denne gongen med ein ny telefon.

– Klokka 03 byrja mannen å ringe til 112-sentralen på nytt. Ein patrulje vart sendt til mannen sin bustad for beslag av ny telefon, opplyser Sørvest politidistrikt på Twitter.

Stordabuen vil bli politimeldt for forholdet, og vil vente seg eit førelegg i posten, i følgje politiet.

- Annonse -

- Annonse -