MF Folgefonn har fått installert trådlaus ladeteknologi. Denne teknologien blir no løfta fram i nasjonal eksportsatsing. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Wärtsilä sin trådlause ladeteknologi på MF Folgefonn og NCE Maritime CleanTech sin Urban Water Shuttle skal visast fram på nasjonal eksportmesse.

Regjeringa har laga eit utstillingsvindauga for norske bærekraftige løysingar, som blir presentert av Statsminister Erna Solberg i Oslo Rådhus 31. mai.

Wärtsilä sin trådlause ladar som i fjor vart installert på ferja MF Folgefonn er eitt av produkta som ein ønskjer å framheve.

– Fantastisk at våre teknologiske nyvinningar blir trukke fram i dette gode selskapet. Det syner at arbeidet me gjer lokalt her i Sunnhordland, har alle høve til å nå ein global marknad, seier Administrerande direktør i Wärtsilä Norway, Hans-Petter Nesse.

Wärtsilä sin trådlause ladar er å finna på Jektevk kai, der den forsyner ferja MF Folgefonn med opp til 1,5 megawatt per ladesekvens, noko som er meir enn 450 ganger effekten til dagens vanlegaste ladarar for elbilar.

Urban Water Shuttle.

Men dette er ikkje det einaste Stord-utvikla produktet som skal bli vist fram. Den elektriske snøggbåten Urban Water Shuttle, utvikla av NCE Maritime CleanTech vil også bli synt fram.

- Annonse -

– Det er stor stas at Urban Water Shuttle vert brukt som eit av eksempla på Noreg sin leiande posisjon innan berekraft. Dette er eit fartøy med stort eksportpotensiale, som kan gi store klima- og miljøgevinstar for tettbygde strok verda over, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Messa skal vere Norge sitt nye utstillingsvindu for nye grøne løysingar, som vil bli sentralt i arbeidet med å auke norsk eksport. Målet er også å gjere Norge eit meir attraktivt land å investere i.

Til lanseringa i Oslo denne veka kjem tidlegare statsminister Gro Harem Brundtland, 30 år etter ho leia Verdskommisjonen for miljø og utvikling. I tillegg kjem statsminister Erna Solberg, næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, klima- og miljøminister Ola Elvestuen, og leiar i Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth.

- Annonse -