Foto: tipsar
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eit bustadhus i tilknytning til eit gardsbruk i Ådlandsvegen på Stord er i ferd med å brenne ned.

AMK fekk melding om bustadbrannen klokka 21.23 torsdag kveld.

– Det er snakk om ein bustad tilknytta eit gardsbruk som er i ferd med å brenne ned, opplyser operasjonsleiar Victor Senne-Jensen i Sørvest politidistrikt.

Klarte ikkje å sløkke brannen

Då naudetatane kom til staden var det allereie på veg til å bli full overtenning i bustadhuset.

– Brannvesenet klarar ikkje å sløkke brannen. Det blir difor gjennomført ein kontrollert nedbrenning. Det er ikkje noko spreiingsfare til andre hus, seier operasjonsleiaren.

Det skal ha vore ein person i huset då brannen braut ut. Han klarte å kome seg ut av det brennande huset sjølv.

- Annonse -
- Annonse -

– Han var til stades i huset og framsto som uskadd. Men han er sendt til legevakta på grunn av røykinhalering. Ein annan person er også sendt til legevakta grunna røyk, men vedkomande skal ikkje ha vore inne i huset.

I følgje Haugesunds Avis er huset som brende ned bygd på 1800-talet.

Foto: tipsar

– Måtte diverre la huset gå

Stord brann og redning opplyser til Stord24 like før klokka 23 at dei framles held på med sløkkearbeidet.

– Status no er at me held på med utvendig sløkking. Diverre måtte me la huset gå. Det var totalt overtent då brannbilane kom til staden. Me måtte tidleg konsentrere oss om utvendig sløkking, seier Jan Tore Bruckner i Stord brann og redning.

Han fortel at sløkkingsarbeidet har blitt komplisert fordi det ikkje er noko vasskjelde i nærleiken til der brannen braut ut.

– Problemet på Ådland er at det er langt til næraste vasskjelde, så me har ikkje kunna kopla til vasslange, og har måtta køyrt to brannbilar i shuttle med vatn.

- Annonse -

Kjenner ikkje til årsaka

I følgje politiet er det for tidleg til å seie noko om årsaka til brannen.

– Årsaka veit me ikkje så veldig mykje om førebels. På eit tidspunkt vil dette bli undersøkt av kriminalteknikarar. Det vil tidlegast bli gjort i morgon tidleg, seier operasjonsleiaren.

Politiet fekk melding om brannen frå ein nabo eller eit tilfeldig vitne.

Det oppsto stor røykutvikling under brannen, som kunne sjåast frå store deler av Leirvik-området.

Saka blir oppdatert.

Sjå fleire bilete frå brannen her:

Foto: tipsar
Foto: tipsar
Foto: tipsar

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -