Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Skal ha køyrt i fjellveggen.

Klokka 19.41 fredag kveld fekk politiet melding om ei trafikkulukke i Urangsvåg på Bømlo.

– Det var to personar på motorsykkelen då uhellet fann stad, melder Sørvest politidistrikt.

Operasjonsleiaren i politiet opplyser at det er to kvinner eller jenter som har velta på motorsykkelen. Den eine av desse skal ha ringt og varsla AMK-sentralen om ulukka.

– Dei to jentene som var på motorsykkelen er køyrt til Stord sjukehus. Det er mogleg snakk om brotskader, oppdaterer politiet.

Ulukka skjedde då motorsykkelen køyrde ut av vegen og hamna i ein fjellvegg.

- Annonse -

Saka blir oppdatert.