Foto: Jarle Vines/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Tunnelen var stengt etter at personbil kolliderte med lastebil.

Klokka 10.50 måndag føremiddag fekk naudetatane melding om ei trafikkulukke mellom ein personbil og ein lastebil.

Kollisjonen skjedde i sørgåande retning i Bømlafjordtunnelen.

– Det skal ikkje vere ei møteulukke. Ein persosnbil skal ha køyrt inn i sida på ein lastebil, melder Sørvest politidistrikt.

Føraren og ein passasjer i personbilen er frakta til legevakta for sjekk og eventuelt behandling. Det føreligg så langt ikkje noko info om skadeomfanget.

Bilberging er på veg. Klokka 11.30 vart tunnelen opna for trafikk.

- Annonse -

Saka blir oppdatert.

- Annonse -