Søndag fekk tre personar påvist covid-19 på Stord. Foto: Wikimedia Commons
- Annonse -

Smittevegen er ukjend ved eitt av tilfella.

Tysdag kveld opplyste Stord kommune om to nye smittetilfelle i kommunen.

Ein utanlandsk arbeidar i karantene ved Aker Solutions vart meldt positiv på den andre testen etter ankomst. Vedkommande skal ha lette symptom og er isolert.

Det andre tilfellet gjeld ein mann i 50-åra. Også han skal ha lette symptom og er isolert. Smittevegen er ukjend.

– Nærkontaktar avklara og sporing avslutta, skriv Stord kommune.

Det totale smittetalet i kommunen er no 285.

- Annonse -