I slike konvoluttar blir koronaprøvane samla og sendt til Bergen kvar ettermiddag. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ingen har alvorlege symptom.

Tysdag kveld vart det registrert ytterlegare to positive Covid-19-prøvesvar i Stord kommune. Begge etter test måndag.

Ei kvinne i 50-åra skal ha lette symptom og kjent smittekjelde, ifølgje kommunen. Ho har vore i karantene og er no isolert. Sporing er fullført.

Det andre tilfellet gjeld ein mann i 70-åra.

– Ikkje alvorlege symptom, isolert. Ukjent smittekjelde. Sporing går føre seg, skriv kommunen.

Førre registrerte smittetilfelle var måndag, då ein mann i 20-åra, heimehøyrande på Stord, vart påvist koronaviruset i Bømlo kommune. Det er no registrert totalt 177 smittetilfelle i Stord kommune.

- Annonse -