Gut i tenåra fekk påvist covid-19 på Stord tysdag. Smitta kan sporast til utbrotet ved Nordbygdo ungdomsskule. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Sporing går føre seg ved eitt av tilfella.

Tysdag kveld meldte Stord kommune om to nye smittetilfelle i kommunen. Den eine smitta, ein gut i tenåra, er nærkontakt i niande trinnet på Nordbygdo ungdomsskule.

– Lette symptom. Ingen nye nærkontaktar på Stord utover husstand. Sporing avslutta, skriv kommunen.

Den andre smitta tysdag er ein mann i 30-åra, også han erfarer milde symptom. Her er smittevegen ukjend, men vedkommande skal ha opphalde seg fleire dagar i ein annan kommune med kjend smitte.

– Ti nærkontaktar. Sporing går føre seg, melder kommunen.