To personar fekk påvist covid-19 på Stord søndag. Foto: Pixabay
- Annonse -

Søndag vart det meldt om at ein stordabu og ein utanlandsk innleigearbeidar hadde testa positiv for covid-19.

Det melder Stord kommune på sine nettsider.

Det eine tilfellet gjeld ei kvinne i 30-åra. Ho er nærkontakt til kjend, lokal smitte og har vore i karantene. Kvinna er no isolert, og symptomfri.

– Ingen nye nærkontaktar utover husstand. Sporing avslutta, skriv kommunen.

Den andre personen som fekk positivt prøvesvar søndag er ein utanlandsk innleigearbeider ved Aker Solutions. Vedkomande fekk påvist viruset etter første test i karantene.

– Symptomfri. Ikkje nærkontaktar. Isolert, melder kommunen.

- Annonse -

Det er no totalt meldt om 312 smittetilfelle i Stord kommune sidan mars i fjor.