Koronatesting på Bømlo. Foto: Bømlo kommune
- Annonse -

Kommunen har fått sitt 11.og 12. smittetilfelle.

– I går ettermiddag og i dag har me fått melding om at to personar har testa positivt på Covid-19. Vedkomande er i isolasjon, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i Bømlo kommune.

– Me har etablert eit tettare samarbeid med nabokommunane våre Stord og Fitjar, og kommunal kriseleiing følgjer situasjonen tett i tråd med gjeldande beredskapsplanar, seier han.

Smittevernlege i Bømlo, Kjersti Follesø, oplyser at smitteveg for det fførste tilfellet er ukjend.

– Smitteveg er framleis ukjend i det eine tilfellet, men smittesporing pågår. Nærkontaktar er i karantene og vil bli testa i løpet av helga. Det andre tilfellet gjeld ein person i innreisekarantene og har ingen nærkontaktar. Vedkomande er i isolasjon og vert fulgt opp, seier Follesø.