Smittevernlege i Stord kommune, Lars Helge Sørheim. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Stord kommune fekk i dag melding om to nye tilfelle av koronavirus. Dei er knytt til den 20 år gamle stordabuen som blei smitta i Bergen.

– Me fekk nett melding (som forventa) om to smittetilfelle. Dei har vore i karantene frå smittetidspunktet og har ikkje nærkontaktar, opplyser kommunelege Lars Helge Sørheim.

Dei to tilfella har samanheng med den 20 år gamle mannen frå Stord, som blei smitta i Bergen der han er student ved NHH.

– Dei har saman heng med det første tilfelle denne veka og er under kontroll. Dei er no i isolasjon og har rimeleg god allmenntilstand, seier Sørheim.

Med dei to nye smittetilfella har Stord kommune fått fire personar med koronasmitte på berre ei veke. Totalt er smittetalen på Stord no oppe i 11 etter at pandemien braut ut.

Effektiv sporingsarbeid

Denne helga er koronasentralen travelt oppteken med å kartleggje nærkontaktar til eleven på idrettslinja på Stord vidaregåande, som fekk positivt prøvesvar fredag.

- Annonse -

– I samarbeid med eleven sjølv, leiinga ved vidaregåande skule og aktuelt idrettsmiljø er det gjort ei god kartlegging. Dei aktuelle har hatt eit godt oversyn på førehand og var budde på ei slik hending. Dette har gjort sporingsarbeidet effektivt. Me vonar no at dette gjer at ei mogeleg utvikling kan avgrensast, seier Sørheim.

Skulen vil etter kvart informera internt til elevar og tilsette om skulekvardagen vidare.

– Nærkontaktar utan symptom som testar negativt, må likevel fullføre karantenetida på 10 dagar. Dei er bedne om å ta kontakt igjen med Koronasenteret ved symptomutvikling. Desse vil då verta testa på nytt. Familiemedlemmer til nærkontaktar utan symptom kan leve som normalt.

- Annonse -
Forrige artikkel– Eg har ikkje tru på på denne investeringa
Neste artikkelLærar på Stord vidaregåande smitta med koronaviruset
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no