Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Slåstkamp i ein privatbustad og vald mot ein dørvakt førte til at to stordabuar blei sendt til arresten.

Laurdag kveld klokka 22.00 vart politiet tilkalt til ein privatbustad i Sagvåg på Stord, etter melding om eit slagsmål.

Ein mann i starten av 50-åra hadde blitt slått i ansiktet av ein annan mann, som var i starten av 40-åra.

– Det hadde vore ein konfrontasjon mellom dei to før hendinga, melder Sørvest politidistrikt.

Det var berre desse to som var involvert i slagsmålet. Politiet tok hand om situasjonen, og tok med seg mannen i 40-åra. Han blei sendt til arresten, og vil bli politimeldt for kroppsskade.

– Mannen i 50-åra fekk seg ein heving over ansiktet. Han blei henta av ambulanse og frakta til legevakta for sjekk, men var ikkje alvorleg skada, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon, André Skram Hansen.

- Annonse -

Slo til dørvakt

Den neste hendinga som enda med at ein mann måtte i arresten, skjedde klokka 01.50 natt til søndag.

Ein mann i starten av 30-åra skal ha slått til ein dørvakt utanfor ein utestad i Leirvik sentrum. Dette førte til at mannen politimeldt og sendt til arresten.

– Politiet blei kontakta av ein dørvakt som hadde ein gjest på staden som oppførte seg aggressivt, og hadde slått til dørvakten i ansiktet. Han blei ikkje skada, men gjesten klarte ikkje å oppføre seg etter dette. Han blei forsøkt køyrd heim av politiet, men det var fånyttes. Så han blei sendt i arresten, og vil få ein reaksjon, seier Skram Hansen.

40 minuttar tidlegare måtte politiet ta hand om ein annan utelivsløve som var vrang og aggressiv på ein utestad i sentrum. Politiet fekk kontroll på mannen, og han blei bedt om å forlate staden.

- Annonse -