Lensmann i Stord politidistrikt Roald Raunholm. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

I løpet av dagen har politiet på Stord arrestert to lokale menn for fem innbrot på Stord i helga.

Tidlegare i dag var det kjent at ein mann i 30-åra vart arrestert i samband med fire innbrot i bustadhus i helga, i tillegg til innbrot på Stord ungdomsskule.

No har politiet også arrestert ein andre gjerningsperson, ein mann i 40-åra.

– Begge er kjenningar for politiet og begge er heimehøyrande på Stord, seier lensmann Roald Raunholm.

Han fortel at bakgrunnen for arrestasjonane er at det er funne tjuvgods i bustadane til ein eller begge to av dei.

– Me har jobba intenst med denne saka i dag, og me har gjort beslag av gjenstandar som me meiner kan knyte personane til handlingane.

- Annonse -

Begge to er frakta til arresten i Haugesund, der dei iallfall vil vere fram til morgondagen. Dei vil bli avhøyrt i løpet av dagen. Det er ikkje bestemt om dei vil bli framsett for varetektsfengsling.

Noko av tjuvgodset er kome til rette, men ikkje alt, mellom anna ein motorsykkel som vart stelt.

Lensmannen fortel om unormalt mange innbrot i lensmannsdistriktet så langt i år. Det starta med innbrot i Sunnhordland museum og Sæ barnehage i nyttårshelga, mange hytteinnbrot på Bømlo og sist innbrota i helga som var.

– For vårt område er ikkje dette normalt. Dette er ein ekstraordinær situasjon. Denne type kriminalitet med innbrot i personbustadar har me ikkje vore plagd med på Stord i stort  omfang.

Raunholm håper at gjennombrotet i saka no vil setje ein stoppar for innbrota.

– Me er glade for å ha kome så langt som me no har gjort. Så skal me jo bevise at det er desse som har stått bak. Men me reknar med at mistanken er berettiga. Likevel må folk framleis vere på vakt og ta vare på verdiane sine.

- Annonse -