Linnea Vestbøstad er ei av to jenter frå Stord-øya som er teken ut på kretslaget i fotball. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Linnea Vestbøstad frå Fitjar og Tuva Gram Økland frå Trott er begge blant dei 20 heldige spelarane som er teken ut på kretslaget til Hordaland.

Av: Kjetil Rydand

Linnea Vestbøstad har hatt ein travel sesong på fotballbanen, og no er ho på nytt teken ut på kretslaget.

Dette går fram av nettsidene til Hordaland Fotballkrets, eller NFF Hordaland, som det heiter no. Ho er ein av 20 heldige utespelarar frå årsklassen 2004 som blei tekne ut for sesongen 2018/2019. Frå dei nærmaste naboklubbane våre finn me berre Tuva Gram Økland frå Trott.

Det er ikkje første gongen Linnea har fått prøva seg på eit høgare nivå. Ho var med på kretslaget i fjor også, og i mars i år var ho med på Statoil sin talentleir i Sarpsborg. Dette er som ei landslagssamling å rekna. Rett etter at vårsesongen var over og skulane slutta, fekk ho vera med på proffveka til Arna-Bjørnar. Bergens-klubben inviterte lovande spelarar til fem dagars samling i Arna.

Heime på Fitjar har Linnea spela på jentelaget i 15-årsklassen. Her er ho toppscorar, og laget hennar gjekk gjennom vårsesongen i suveren stil. Med sju sigrar og eitt tap vann dei 2. divisjon og rykte opp til 1. divisjon føre haustsesongen. Dei har fått det noko tøffare blant dei beste jentelaga, men har spela jamt mot dei fleste, og ligg på 7.-plass på tabellen i J15 1. divisjon hausten 2018. Laget hennar avsluttar sesongen med heimekamp mot Fana 1 førstkomande laurdag.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Oppstart og første trening med kretslaget blir måndag 5. november i Vestlandshallen. I samband med den første treninga inviterer NFF Hordaland trenarar og føresette til møte.

Heile troppen finn du på nettsidene til NFF Hordaland.

Me gratulerer med uttaket og ønskjer lykke til!

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -