Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Ei kvinne i 30-åra vil bli politimeldt for å ikkje ha overhaldt vikeplikten. 

Rundt klokka 00.30 fekk politiet melding om eit samanstøyt mellom to bilar i Hornelandsvågen på Stord.

– Dette skjedde på ein lite trafikkert veg. Begge bilane var ute av vegbanen då politiet kom, og det var ikkje behov for å tilkalle ambulanse, seier operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt, Brit Randulff.

Politiet er ikkje i tvil om kven som er skuld i uhellet, men meinte likevel det ikkje var grunnlag for å ta vekk førarkortet hennar.

– Det er tydeleg at den eine føraren, ei kvinne i 30-åra, ikkje hadde respektert vikeplikten. Ho vil bli politimeldt for brot på §3 i vegtrafikklova. Men det var ikkje ei alvorleg nok hending til at dei vurderte førarkortet hennar på staden.

Den eine bilen måtte bli henta av bilberging som eit resultat av samanstøyten.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

- Annonse -