- Annonse -

Ulukka skjedde på Bremnesvegen, like nord for Spissøybrua, truleg grunna brot på vikeplikt, ifølgje politiet.

Det var klokka 06:22 fredag morgon at politiet fekk melding om trafikkulukka.

– Ambulansen er nettopp kome fram og eg har ikkje fått tilbakemelding på skadar, opplyser Nikolai Austrheim ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.

Han opplyser at det er ein person i kvart køyretøy og at trafikken står i begge retningar.

– Eg trur dei har byrja å dirigere litt no, fortel han like før 07:00.

I halv åtte-tida oppdaterer Politiet i Sør-Vest med melding på Twitter.

- Annonse -

– Ulukka har truleg skjedd i samband med brot på vikeplikt. Involverte personar vert ivaretekne av helse og køyrd til legevakt. Manuell dirigering på staden, fram til bilbergar kjem, skriv politiet.

Klokka 08:21 melder politiet at bilane er fjerna og at vegen er open. Det vert oppretta sak.

Også i to-tida natt til fredag meldte politiet om ei trafikkulukke på Bømlo.

– Klokka 01:46 fekk politiet melding om trafikkulukke på Rolvsnesvegen ved Rubbestadneset. Naudetatane er på staden. Einsleg køyretøy har køyrt utfor vegen. Førar som var aleine i bilen framstår som uskadd. Ingen trafikale problemer på staden, skreiv Politiet i Sør-Vest på Twitter.