Her er ferjene klare til levering frå verftet i Tyrkia. Fredag sette dei kursen mot Bergen. Foto: Torghatten Nord
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me kjem til å setje desse i drift så snart som overhodet mogleg, seier administrerande direktør Torkild Torkildsen.

1. januar skulle Torghatten Nord vere klar med fem splitter nye ferjer då dei overtok kontrakten for sambandet Sandvikvåg – Halhjem.

Slik gjekk det som kjend ikkje. Alle ferjene har blitt kraftig forsinka, og det har oppstått store problem og mange kanselleringar som følgje av at det måtte nyttast innleigde ferjer.

Men no, halvannan månad inn i det nye året, er to av ferjene som har vore til bygging i Tyrkia endeleg overlevert reiarlaget.

Det er MF Huftarøy og MF Samnøy som fredag kveld forlot verftet Tersan Shipyard og drog frå Istanbil fredag kveld med kurs for Bergen.

– For å vere effektive brukar me transitten til Norge for opplæring og utsjekk av nøkkelmannskap som skal tenestegjere om bord, seier administrerande direktør Torkild Torkildsen i Torghatten Nord.

- Annonse -

Reiarlaget vil setje ferjene i drift så snart som mogleg.

– Me kjem til å setje desse i drift så snart som overhodet mogleg, men det står framleis att nokre førebuingar etter ankomst til Norge før ferjene kan setjast inn i ordinære ruter.

Reiarlaget skriv at dei må bruke naudsynt tid på opplæring og utsjekk av mannskap før fartøyene kan setjast inn i ordinær drift.

– Me set alltid tryggleiken først og må bruke den tid som er naudsynt. Me kan difor ikkje gi ein nøyaktig dato for kva tid ferjene blir sett i drift, men me tek sikte på første veka i mars, seier Torkildsen.

- Annonse -