Frå testfasilitetane til Kværner på Heiane Vest. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Stord kommune melder om to nye smittetilfelle søndag.

Det er to utanlandske arbeidarar ved Aker Solutions som no har testa positivt for Covid-19.

Prøveresultatet kom etter første test ved ankomst til landet. Dei har difor vore isolerte og ikkje hatt nærkontaktar.

Dette er første smittetilfelle på Stord sidan 2. mai, då det vart meldt om smitte blant tre utanlandske arbeidarar.

Det har ikkje vore påvist koronavirus blant innbyggjarane på Stord sidan 21. april.