I midten av februar i år sette stordabuen eit skot amfetamin i armen inne på Narvesen. Det meiner Sunnhodland tingrett ikkje skal straffast. Foto: Google Maps
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mannen frå Stord var tiltalt for forulemping av ein kunde og ein tilsett på Narvesen-kiosken i Leirvik ved å setje eit skot amfetamin i armen. Sunnhordland tingrett frikjenner mannen.

13. februar i år observerte ein kunde mannen frå Stord, som er i slutten av 30-åra inne på spelerommet på Narvesen. Der var han i ferd med å setje eit skot med amfetamin i armen.

Kunden forlet då kiosken, men returnerte fordi han syntes det var feil å la den tilsette vere i lokalet aleine med mannen. Då vart den tiltalte stordabuen observert med handa inne i sigarettskapet.

Både vitnet og den einaste tilsette på jobb opplevde situasjonen ubehageleg. Politiet kom til staden kort tid etter, og fann hasj, amfetamin og ein stelt sigarettpakke på mannen etter ei ransaking.

– Var ikkje påtrengande eller trugande

Då stordabuen møtte i retten i slutten av februar, tiltalt for ei rekkje lovbrot, skulle retten ta stilling til om handlinga på Narvesen var straffbart. Straffelova §181 seier at den som i sjølvforkyldt rus forulempar eller volder fare for andre skal straffast.

– Det vil variere frå person til person kva tid terskelen for kva som kan karakteriserast som sjenerande, plagsom framferd er nådd. Ein kvar ubehageleg eller uønska framferd kan ikkje råkast sjølv om handlinga for nokon vil verta karakteristert som krenkjande eller sjenerande, skriv retten.

- Annonse -
- Annonse -

Etter ei grundig vurdering kjem retten fram til at det å setje eit skot med amfetamin framføre andre ikkje skal straffast.

– Retten viser til at tiltalte satt for seg sjølv eit hjørna og oppsøkte ingen aktivt eller på annan måte påkalte seg merksemd då han sette skotet. Han var difor korkje påtrengande eller hadde ein trugande/skremmande framferd, heiter det i dommen.

– At vitnet og den tilsette opplevde situasjonen som ubehageleg meiner retten ikkje er tilstrekkeleg for å karakterisere handlinga som forulempande.

Overnatta på utestad i Haugesund

Men det er ikkje berre på Narvesen at mannen har opp skapt ubehag. I fjor haust klarte stordabuen å ta seg inn på utestaden Vinkjellaren i Haugesund og overnatte der.

- Annonse -

Neste morgon fann den daglege leiaren ved utestaden mannen sovande på golvet.

Dette meiner Sunnhordland tingrett skal straffast til fengsel i 30 dagar.

Stordabuen var også tiltalt for oppbevaring av ei rekkje narkotiske stoff i løpet av det siste halvåret. Til saman har politiet funne 91 rivoltriltablettar og 8 gram amfetamin under ransakingar.

Retten meiner oppbevaring av rivoltriltablettane isolert sett skal straffast med 45 dagars fengsel, og 24 dagar for amfetaminen.

Må i fengsel i 90 dagar

Samla blir mannen dømt til 90 dagars fengsel. Det er formildande at stordabuen erkjente straffskuld for alle forholda han var tiltalt for.

Mannen er tidlegare domfelt ei rekkje ganger, i hovudsak for liknande narkotikalovbrot. Den siste dommen kom så seint som i mai 2018, då han blei dømt til seks månadar fengsel.

– I denne og tidlegare saker er det tydeleg at lovbrota er knytt til rusmisbruken hans. Han har forklart at han brukar rusen som sjølvmedisinering for dei helseplagane han slit med, forklarar tilngretten.

- Annonse -