Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i midten av 40-åra busett på Austlandet er tiltalt for å ha utført gjentekne seksuelle handlingar mot si åtte år yngre søster på 1990-talet.

Statsadvokaten i Rogaland har teke ut tiltale mot mannen for brot på straffelova § 195, for å hatt utført seksuelle handlingar mot barn under 10 år.

Overgrepa skjedde i følgje tiltalen i bustaden på Stord der søskena vaks opp.

Mannen i 40-åra er tiltalt for å ha fått søstera til å mastrubere han, og ved eitt skal han ha forsøkt å gjennomføre vaginalt samleie med ho.

Dei seksuelle handlingane skal ha pågått i løpet av ein 4-5 år lang periode på 1990-talet, då søstera var mellom sju og 12 år gammal. Tiltalte skal ha vore mellom 15 og 20 år då han utførte overgrepa.

Statsadvokaten skriv at den strengaste lovtolkinga av paragrafen vert lagt til grunn, på bakgrunn av jenta si unge alder og at overgrepa har skjedd over lang tid.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det betyr at strafferamma er fengselsstraff inntil 21 år.

Rettssaka skal gå for Sunnhordland tingrett i februar 2019.

Påstand om erstatning/oppreising vil bli lagt fram av bistandsadvokaten til fornærma.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -