Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i 40-åra frå Sunnhordland er tiltalt for identitetstjuveri og personforføling av eks-kjærasten.

Det var i november og desember i 2017 at mannen misbrukte identiteten av ekskjærasten.

Dette skal han ha gjort ved å ha tilgang til hennar personopplysningar, mobilnummer, brukarnamn og passord på epost, Snapchat og Facebook.

Her har han misbrukt kvinna sin identitet ved å ha utgjeve seg for å vere henne på ulike måter.

Frå Facebook-kontoen hennar sendte han grov sjikane til familie og venninner av kvinna, der det blant anna sto «jævla fitte».

Han har også lagt ut nakenbilete av kvinna på profilen, som han også har sendt til hennar familie, vener og hennar to barn. Han sendte også seksualiserte meldinger til familien til kvinna frå hennar Snapchat-konto.

- Annonse -
- Annonse -

I tillegg har han oppretta to nye Facebook-kontoar i kvinna sitt namn.

- Annonse -

Mannen har også brukt personopplysningane for økonomisk vinning. Han søkte om forbrukslån hos tre ulike selskap i hennar namn over to dagar i november 2017. Han tok også kontakt med DIFI i kvinna sitt man for å få utlevert kodebrev til hennar MinID-innlogging.

– Handlingane har medført at fornærma er blitt påført ulemper ved at ho har måtte stenge av og opprette nye brukarnamn og passord, ordne opp med låneinstitusjonane og overfor familie og vener, skriv statsadvokaten i tiltalen.

På bakgrunn av desse handlingane blir han tiltalt for å ha brukt ein annan person sin identitet og for personforfølging.

– Han har ved sin skremmande og plagsomme opptreden audmjuka ho, krenka hennar fred og gjort ho uttrygg, skriv statsadvokaten.

- Annonse -