Susan Hassan Abdallah er utdanna tolk, men jobbar til vanleg som lærar på Stord ungdomsskule. På foreldremøta på Leirvik skule tolkar ho på arabisk. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

På Leirvik skule er ein av fire av dei yngste elevane minoritetseelevar. Difor har skulen no starta med foreldremøte tolka på fleire språk.

Stord-samfunnet blir stadig meir fleirkulturelt. Det er også tydeleg for dei tilsette på skulane.

På Stord er det Leirvik skule, i lag med Langeland skule, som har den største delen minoritetsspråklege elevar. Det har ført til at skuleleiinga no inviterer til eigne foreldremøte for dei minoritetsspråklege foreldre, med tolkar på fleire språk,

Heile 22 nasjonar er representert blant dei 360 elevane på Leirvik skule, og 17 prosent av elevane har framandspråkleg bakgrunn. Utviklinga går fort, for når det gjeld 1. og 2. klasse er delen framandspråklege elevar 25 prosent.

Gradvis auke

Rektor ved Leirvik skule, Bjarte Bongom, fortel at utviklinga har skjedd fort.

- Annonse -
- Annonse -

– Det har vore ein gradvis auke frå år til år. Talet på minoritetsspråklege elevar har gått opp mykje i løpet av dei ti åra eg har vore rektor.

Bongom seier at den nye elevsituasjonen kjem med både positive følgjer og nye utfordringar for skulen.

– Me har jo fått ein bit av verda her på Leirvik skule. Me får jo den positive sida med eit mykje rikare fellesskap, og erfaringar elevane elles ikkje ville fått. Samtidig har me nye utfordringar med tanke på språk, med ein del misforståingar der me trur me har vore tydelege nok, men der me ser at me ikkje har vore det.

Dette er bakgrunnen for at Leirvik skule no har begynt med eigne foreldremøte for dei framandspråklege familiane, der dei tilbyr tolk på både arabisk og engelsk, i tillegg til at foreldra kan ha med seg sine eigne tolkar på andre språk.

Eit 20-tals elevar hadde møtt opp på foreldremøtet på Leirvik skule. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Kjenner seg meir inkludert

Torsdag denne veka vart det andre av desse foreldremøta arrangert, der rundt 20 foreldre møtte opp for å få informasjon om skulekvardagen til ungane sine.

– Me får hjelp frå vaksenopplæringa på Stord og lærar Susan Hassan Abdallah, som er utdanna tolk og snakkar arabisk.

Duong Pham Dong frå Vietnam er ein av foreldra som møtte opp til foreldremøtet. Han set stor pris på at skulen set inn ekstra ressursar for foreldra som ikkje snakkar norsk.

- Annonse -

– Dette er veldig bra. Eg har vore på møte før, men det har vore veldig vanskeleg for meg å forstå.

Han får støtte frå Jean Brakstad som kjem frå Filippinene.

– Førre gong forsto eg ingenting, og no er det tolk som oversetjar alt. No kjenner eg meg eg meg mykje meir inkludert.

Duong Pham Dong frå Vietnam (til høgre) er svært glad for at tolken er med på foreldremøte. I bakgrunnen rektor Bjarte Bongom. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Ønskjer inkluderande skule

Kommunalsjef for oppvekst og utdanning i Stord kommune, Mariann Jacobsen Hilt, er glad for at Leirvik skule har valt å bruke ekstra ressursar på å nå dei framandspråklege foreldra.

– Dette er ein god ting å gjere, og det er veldig viktig for dei å vere med og skjøne ting skikkeleg, og ikkje berre halvegs. Me ønskjer jo å ha ein inkluderande skule, og då er det ein føresetnad at alle forstår, også foreldra.

Hilt fortel at Leirvik skule og Langeland skule typisk har vore dei skulane på Stord med høgst del framandspråklege elevar. For Langeland skule sin del skuldast dette i hovudsak at ungane på asylmottaket på Heiane går på denne skulen, men når det gjeld Leirvik skule er forklaringa at ein stor del innvandrarfamiliar bur i denne skulekrinsen.

Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Akkurat no det flest minoritetselevar på Langeland skule, med 23 prosent. Det er også fordi Langeland skule er den einaste skulen på Stord som har innføringsklasse, som elevane kan gå i i eitt år. Det nye no er at ingen av ungane frå mottaket på Heiane går i denne klassen, som for tida tel ti elevar.

– For første gong er det ingen frå mottaket som går i innføringsklassen. Dei går alle i ordinære klassar på Langeland. Det er fordi dei veldig ofte er komne frå andre mottak i landet, og er ferdige med innføringsklassane når dei kjem til Stord.

Hilt fortel at auken i delen av minoritetsspråklege elevar har så langt ikkje hatt noko særleg påverknad på økonomien til desse skulane.

– Det kostar jo ekstra å ha ekstraundervisning, men me får jo også ekstratilskot på dette. Me har ei oppgåve å gjere for desse elevane også.

- Annonse -