- Annonse -

Posten er imponert over måten Tilbords i Leirvik sentrum driv posttenester, og kårar butikken til den beste Post i Butikk i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Butikken utmerker seg ved at den ikkje er ein del av daglegvarebransjen, men såg moglegheiter for å få fleire nøgde kundar ved då tilby nye tenester. Dette er ein veldriven butikk osm har htt ei flott og positiv utvikling, og utfører alle oppgåver og tenester for Posten på ein utmerka måte, seier distriktssjef Ann Helen Helland i Posten.

Posten har vurdert ei rekkje kriterier for kåringa, mellom anna kvalitet, kompetanse og service. Tilbords har særleg utmerka seg innan servicen.

– Dei har gode rutinar og mykje kunnskap. Dei strekkjer eg langt for å ha fornøgde postkundar og god kvalitet.

Ein av seks regionale vinnarar

Butikken i Leirvik sentrum er ein av seks regionale vinnarar av kåringa. Landets beste post i butikk blei ein Extra-butikk i Sarpsborg.

Posten skriv vidare at både kunder og butikkeigarar er nøgde med konseptet Post i Butikk, som har erstatta postkontora mange stadar sidan byrjinga av 2000-tallet.

- Annonse -

I dag finn ein Post i Butikk hos dei store daglegvarekjedene, ulike typer butikkar, bensinstasjonar, kioskar og hagesentre. På Stord er det Post i Butikk i Tilbords i Leirvik sentrum, Plantasjen på Heiane, Spar på Haga og Kiwi i Sagvåg.

- Annonse -