Dagleg leiar i Tilbords i Triobygge til Leirvik fryktar ikkje for framtida for butikken trass i konkursen.
- Annonse -

Men dagleg leiar Thor Dahl ved Tilbords i Leirvik sentrum har tru på at butikken vil bestå.

I dag melde BA at eigarselskapet bak Tilbords-kjeda er gått konkurs. Dermed går kjeda sine 105 butikkar i Norge ei usikker framtid i møte.

Eigar og dagleg leiar i Tilbords i Trio-bygget, Thor Dahl, seier konkursen ikkje betyr at butkken må leggast ned.

Ikkje eigd av kjeda

– Dette var ikkje noko kjekk melding å få, men me er ikkje veldig nervøse per i dag, seier Dahl, som understreker at butikken på Stord ikkje er eigd av kjeda.

– Tilbords-kjeda har ein del butikkar dei eig sjølv og så er dei fleste medlemsbutikkar. Me tilhøyrer den siste kategorien. Det gjer at me ikkje er økonomisk knytta opp mot konkursen.

– Kva vil konkursen bety for dykk?

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Inntil vidare mister me ein viktig leverandør som gir oss marknadsføring og samarbeid med mange forhandlarar. Så når det gjeld vår situasjon vil me sitje på gjerdet og sjå kva som skjer me buet. Me har tru på at det vil bli kjøpt opp.

Trur at nokon vil kjøpe buet

Thor Dahl viser til at kjeda fekk nye eigarar så seint som i november, og at han tolkar denne konkursen meir i retning av ein refinansiering for å få på plass ein ny eigar.

– Då Kitch’n kjøpte kjeda i november i fjor reindyrka den kjeda for å gjere den betre, og undervegs er det kome så mange skjelett ut av skapet, som til dømes gamle leigekontraktar, at det ikkje var drivverdig. Men eg ser på dette som ein strategisk konkurs som vil sikre verdiar i buet for at ein skikkeleg aktør vil kjøpe det opp.

Dahl forsikrar om at post i butikk-tenesta vil bli vidareført som før uavhengig av konkursen. Han seier også at dersom det er kunder med Tilbords-gåvekort vil dei også kunna brukst på vanleg måte.