Leiar i Utdanningsforbundet på Stord, Tor Jæger Koppang. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

LESARBREV: Utdanningsforbundet på Stord ropar varsko over låge søkjertal på lærarstillingar i Noreg og på Stord.

Av: Tor Jæger Koppang,
leiar i Utdanningsforbundet på Stord

Årsmøtet til Utdanningsforbundet Stord er svært uroa over lærarmangelen i Noreg, og i Stord kommune spesielt.

For få år sidan var tilgangen på lærarar i kommunen vår svært god. Frå lærarutdanninga på Rommetveit var det vanleg med 100 uteksaminerte lærarstudentar per kull, og det var om lag 200 søkjarar til ledige lærarjobbar i kommunen.

Slik er ikkje situasjonen no. Til ledige vikariat i løpet av skuleåret har det vore null kvalifiserte søkjarar, og ved felles tilsettingsmøte i Stord kommune har ein enno ikkje klart å gjera tilsettingar til alle ledige stillingar.

Det har aldri skjedd før.

- Annonse -

Lærarutdanninga er dessutan langt frå så populær som den burde vera, og alt for få ungdommar ynskjer å verta lærar. Ei undersøking utført av Utdanningsforbundet syner at 2 av 5 lærarar vurderer å søkje anna stilling i løpet av dei komande to åra. 9 av 10 lærarar er som eit resultat av fjorårets tariffoppgjer mindre motiverte.

Fellesskulen er ein av berebjelkane i velferdssamfunnet vårt. Skal me sikra fellesskulen, må me ha utdanna lærarar til å gjera jobben.

Stord kommune har spela inn til KS si tariffhøyring at lærarane må prioriterast i årets oppgjer. Det set årsmøtet til Utdanningsforbundet Stord stor pris på. Stord kommune er ikkje aleine om dette. Mellom anna har Bergen kommune og Vestland fylkeskommune gjeve KS melding om det same. Lærarane må prioriterast, og særleg dei med lengt ansiennitet treng no eit lønsløft.

I seks år på rad har lærarane fått dårlegare lønsutvikling enn resten av kommunesektoren. Dersom ein trekkjer linene tilbake til 2004, då KS overtok ansvaret for lærarane, ser ein at etterslepet for perioden 2004–2020 er på 14,4 prosentpoeng. Dette har partane dokumentert i ein fellesrapport frå 2021. Når fjorårets lønsoppgjer enda i tvungen lønsnemnd og utsett verknadsdato er skandalen komplett. Slik kan det ikkje halda fram!

Årsmøtet til Utdanningsforbundet Stord oppmodar kommunesektoren om å halda fram med å gje KS tydeleg beskjed. No må lærarane prioriterast. Elles står heile fellesskulen i fare.

- Annonse -
Forrige artikkel– Eg har full respekt for både oppdrettsnæringa og fiskeindustrien
Neste artikkelFleire kontrollar på Stord: To må ta påskeferie utan lappen