Liv Kari Eskeland (H) . Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Hugs at de ikkje er åleine. Det er mange som synest høgtidene er ekstra tunge.

Av: Liv Kari Eskeland,
stortingsrepresentant (H)

For nokon betyr påske familietid, ro og samhald. For andre betyr det meir einsemd eller sorg. Vi har alle eit ansvar for å sjå dei som ikkje nødvendigvis gleder seg til påske. Korona har endra liva til dei aller fleste av oss. Vi møter familien sjeldnare, vi er meir åleine og opplevingar vi har gledd oss til, blir utsett på ubestemt tid. Eg trur vi er mange som føler på lengsla til det normale.

Påskeferien er i gong for nokre av oss. Mange har kanskje planar om ein tur på hytta, andre skal vere heime. Nokre feirar kanskje med ein god ven, andre med familien, og nokon åleine. Eg gleder meg til nokre rolege dagar, med smågodt i påskeegget og å gjera hagen klar for våren om veret tillet det. Men storfamilien vert det umogeleg å treffe i år. Men det er ikkje alle som gleder seg til påske.

Det er ikkje alle som har ein familie å vere saman med denne høgtida. Nokon har kanskje aldri hatt det, andre har mista sine kjære. Nokon får kanskje ikkje reise heim til familien dei er så glade i, akkurat i år. Nokon har ein familie dei ikkje føler seg trygge hos. Det finst dei som ikkje har det så godt med seg sjølv. Der nedstenginga har bidrege til at dei mørke tankane har vorte mørkare, og der dagane er litt tyngre enn før.

Det finst sikkert nokon som også berre er lei. Som ikkje har ein grunn til å ikkje glede seg til påske, men som kanskje berre er lei korona og ikkje orkar så mykje akkurat no. Det forstår eg. Til deg som ikkje gleder deg til påske. Dette innlegget er til deg.

- Annonse -

Til deg som har mista nokon du er glad i, og som opplever at påsken gjer sorga sterkare.

Til deg som kanskje ikkje har ein familie eller vener å feire påsken saman med.

Til deg som kanskje ikkje har hatt så mange å vere saman med på ei god stund.

Til deg som er student, som hadde gledd deg til å komme heim til påske i år, men som ikkje kan grunna korona.

Til deg som har synest dagane no er ekstra tunge og mørke, og som treng nokre gode ord for å løfte blikket igjen.

Hugs at de ikkje er åleine. Det er mange som synest høgtidene er ekstra tunge. Men det kjem til å gå over.

Målet mitt denne påsken er å ringe dei rundt meg, spørje korleis dei har det, og vise at eg bryr meg. Veldig ofte så finst einsemd mykje nærare enn ein trur, men ein er berre ikkje så flinke til å sjå eller snakke om det.

Eg vil derfor oppmode alle til å ta litt ekstra ansvar i påsken for å ringe ein kjent de tenkjer kanskje vil setje pris på ein telefonsamtale, eller invitere på eit kaffibesøk ute på trappa.

Vis at de bryr dykk, og at de ser dei rundt dykk. Vi har alle eit ansvar for å kjempe mot einsemda, spesielt no i koronatida. Det kan vi bidra til ved å vise ekstra omsorg og godheit no i påska.

- Annonse -
Forrige artikkelMann sikta for ruskøyring etter trafikkuhell på Fitjar: – Det blir etterforsking av dette
Neste artikkelTrur ikkje dette kloakkutsleppet vil påverka miljøet i særleg grad