Folkehelsekoordinator i Stord kommune, Tove Vikanes Agdestein. Foto: Stord kommune
- Annonse -

INNLEGG: No er det særskilt viktig å ta vare på hels, då god fysisk og helse gir betre motstand og gjer oss meir robuste i møte med sjukdom.

Av: Tove Vikanes Agdestein,
Folkehelsekoordinator i Stord kommune

Tiltaka for å avgrense smittespreiing av Korona-virus gjer at mange av oss blir meir isolerte heime, anten me er i karantene eller ikkje. Dette gjer det meir utfordrande å oppretthalde gode levevanar og helsefremjande aktivitetar. Samtidig er det no særskilt viktig å ta vare på helsa, då god fysisk og psykisk helse gir betre motstand og gjer oss meir robuste i møte med sjukdom. Råda under er baserte på Helsedirektoratet sine råd  til personar i karantene og isolasjon:

Hald deg oppdatert på nyhende, men ikkje la det ta overhand

For mykje fokus på nyhende og informasjon kan lett ta for mykje plass i kvardagen og føre til stress og uro. Bruk pålitelege kjelder som Folkehelseinstituttet og Helsenorge sine nettsider. Lokal informasjon frå kommunen finn du på kommunen sine nettsider og i lokalavisa.

Lag struktur på dagen

- Annonse -

Prøv å halde på ein normal døgnrytme. Lag gode rutinar for skule- og heimearbeid. Bruk fritida til hobbyar eller andre aktivitetar du opplever som meiningsfulle.

Sørg for dagleg fysisk aktivitet og dagslys

Turar i naturen er ei god kjelde til fysisk aktivitet. Sunnhordland har mange fine turområde der det er lite folk. Utforsk turlaga sine mange merka turløyper, eller prøv turorientering og stolpejakt – kjekke familieaktivitetar i regi av orienteringsgruppene. Unngå aktivitetar som kan utsetje deg for unødig risiko.

Hald oppe kontakten med andre

Snakk med andre gjennom sosiale medium og telefon. Lag gjerne faste avtalar med familie, vener og kollegaer. Ha særskilt omtanke for dei som er aleine. Kreative aktivitetar som interne konkurransar m.m. bidrar til fellesskap og gode opplevingar.