Kristenpolitikaren frå Bergen, Tomas Moltu og Kristkyrkja på Stord, her representert av styreleiar og pastor Jens Thoresen, blir hovudaksjonær i Stord Kristne Skule. Foto: Wikipedia/Kristkyrkja
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Skulen har fått ny godkjenning av Utdanningsdirektoratet. No er Kristkyrkja på Stord og kristenpolitikar frå Bergen, Tomas Moltu, blitt hovudaksjonær.

Fredag meldte Geir Martin Økland på Facebook at Stord Kristne Skule har fått ein ny treårig godkjenning for å starte kristen privatskule på Stord, etter at den førre treårige godkjenninga gjekk ut.

Når Stord24 ringer han for ein kommentar, får me opplyst at han ikkje har noko formelt å gjere med skulen lenger.

– Eg har trekt meg frå styret på grunn av helsa, seier den tidlegare styreleiaren.

Nye hovudaksjonærar

Selskapet som skal starte skulen var inntil nyleg eigd av mange privatpersonar. Men no opplyser talsperson for skulen, Knut Arve Nordfonn, at Kristkyrkja på Stord, og den kjende kristenpolitikaren frå Bergen, Tomas Moltu er blitt hovudaksjonærar.

– Me har gått inn med ein eigardel som er lik Moltu sin. Så håpar me at fleire er interessert å vere med, anten det er forsamlingar, stiftingar eller privatpersonar med, seier Nordfonn. Han er sjølv er aktiv i Kristkyrkja, som er leia av pastor Jens Thoresen.

- Annonse -
- Annonse -

Moltu, som også er styreleiar i Bergen Kristne skule vil i følgje Nordfonn eige 66 prosent, og Kristkyrkja vil eige 10 prosent, når generalforsamlinga er halde. Det resterande skal vere avsett til småaksjonærar.

Tomas Moltu har vore byråd for KrF i Bergen, og var leiar i Bergen KrF i fleire år. I 2016 gjekk han over til partiet De Kristne. Han er gift med Marita Moltu, som er varaordførar i Bergen.

Større moglegheit for oppstart

Knut Arve Nordfonn er aktiv i Kristkyrkja og er talsperson for Stord Kristne Skule. Foto: Kristkyrkja på Stord

Med sterkare eigarar i ryggen har Nordfonn tru på at den kristne skulen kan verta realisert.

– Me har endeleg fått eit positivt vedtak som varar i tre år. No er det ein mindre ting å tenkje på, og større moglegheit for at det no blir ein oppstart. Det viktigaste er at me no får eit breidt grunnlag for dei som vil vere med å sjå ein sånn skule på Stord, seier Nordfonn.

- Annonse -

Han fortel at dei har godkjenning frå direktoratet allereie frå hausten 2019, men kan ikkje no seie om dette er realistisk. Først gjeld det å finne eit eigna skulelokale.

– Me har fleire alternativ, men det blir primært på Heiane me ønskjer å vere, men det kan hende det blir ein annan plass berre for å kome i gang. Me har også sett på å bygge nytt, men det er litt for store kostnadar å starte ein skule på.

Vil avlaste Langeland skule

Han fortel at skulen allereie no har innskrivingsklare ungar. Ved å starte opp på Heiane ønskjer dei å framstå som eit avlastingstilbod for den pressa skulesituasjonen i bydelen. Kapasiteten på Langeland skule er som kjent sprengt.

– Eg har snakka med folk i Horneland-området som kan vere interessert i ein privatskule, som ikkje nødvendigvis er religiøse sjølv men som ser at dette kunne vore lettare løysing. Så vil det vere ungar som ønskjer å skifte skule, der foreldra synest det er viktig med ein ekstra føremålsparagraf. Det er heller ikkje utenkjeleg at me også vil ha muslimske barn ved skulen.

– Korleis vil de no jobbe framover?

– No blir første prioritet eit bygg. Så er det jo klart at me må få bygget godkjent av kommunen. Nokre bygg er lettare å få til enn andre. Så blir det ein ny runde med tilsetting av lærarar, rektor og anna personell.

Nordfonn er sjølv utdanna lærar, og ser ikkje bort i frå at han no er med å bygge opp sin eigen arbeidsplass.

– No må me først få skulen opp og gå. Men det er ikkje utenkjeleg å jobbe på ein sånn skule sjølv. Eg jobbar no på Sortland skule på Bømlo, og har jobba på mange skular på Stord.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -