Tidlegare Fitjar-ordførar Harald Rydland (Krf) vil reise ein debatt om kva fylke Sunnhordland-kommunane skal høyre til. Foto: Håkon Hartvedt/Fitjarposten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Harald Rydland (Krf), meiner sunnhordlandskommunane kjem så dårleg ut i regionreformen at han vil ha ein debatt om overgang til Rogaland.

I kommunestyremøtet i Fitjar i oktober fremja Rydland ei sak der han gav uttrykk for sterk misnøgde med resultatet av regionreforma, der altså Hordaland og Sogn og Fjordane skal bli eitt fylke frå 2020.

– Me meiner det bør reisast ei sak, der ein ser på om Fitjar saman med andre kommunar i Sunnhordland vil vera betre tent med å høyra til Rogaland enn det nye fylket nordom oss, skreiv Rydland.

Han grunngir dette med at ein allereie har sterke band til Rogaland når det gjeld offentlege tenester som politi og sjukehus, og at kommunikasjonen sørover når Rogfast står ferdig vil forsterke tilknytinga til Stavanger. Samtidig peiker han på at fylkespolitikarane i Hordaland har vist svært liten vilje til å få Hordfast gjennomført.

– Viser liten interesse

– Nordom fjorden viser dei liten interesse for Sunnhordland. Så eg synest det hadde vore greitt å ta ein runde med nabokommunane for å sjå om det kunne vere eit tema at Sunnhordland kunne kople seg til Rogaland. Dei nye regionane skal jo ikkje bli gjeldande før 2020, så ein har jo god tid på å greie ut noko slikt fram til det.

- Annonse -
- Annonse -

Rydland meiner Stord, Fitjar, Bømlo, Sveio og Etne kunne hatt mykje å tene på å gå over til Rogaland, men at det for Austevoll, Tysnes og Kvinnherad er naturleg at dei blir verande i Hordaland.

Den tidlegare ordføraren fekk ikkje så mykje støtte i kommunestyret for å ta innspelet vidare som ei politisk sak, men han fortel at han har fått svært mykje støtte frå vanlege folk i Fitjar. No oppmodar han andre politikarar i Sunnhordland til å ta ballen vidare for å sjå kor stor vilja er til å gå over til Rogaland faktisk er.

– Det kan jo hende det vert liv i saka. Det nyttar ikkje berre å snakke om det, ein må lage ei politisk sak der ein får utgreidd dette.

– Vil ein ikkje også vere ein utkant i Rogaland?

– Det vert ein, men då spørs det om Haugalandet og Sunnhordland kunne vere ein sterk utkant i lag, i staden for at det blir ein kamp mellom oss.

– Me bør vere bekymra

Sigbjørn Framnes. Foto: Stord kommune

Fylkespolitikar frå Stord Sigbjørn Framnes (Frp) var blant dei som røysta i mot regionreformen førre veke, og er ikkje framand for tankane til Rydland.

– Som Hordaland-politikar så bør me vere bekymra i forhold til misnøgda som finst både i Sunnhordland og i Hardanger i høve til avtala. Bodskapen min til det felles fylkestinget var at den bekymringa som finst i det sørlege området må det nye fylkestinget ta på alvor.

Framnes peiker på at avgjerdsmynde for alt som gjeld veg og skule er planlagt å bli flytta til Sogn. Samtidig får «Stor-Bergen» høve til å bestemme over seg sjølv, frå Os til Nordhordland.

Dersom ikkje fellesnemnda lukkast i å flytte tyngdepunktet sørover, meiner Framnes at ein ikkje bør utelukke ein debatt om overgang til Rogaland.

– Banda til Rogaland er tettare på mange område enn kva dei er til Bergen. Når Rogfast er ferdig og me får raskare veg til Stavanger kjem dette til å bli forsterka. Eg oppfattar at det er eit fleirtal i Sunnhordland som seier at Bergen er vår by, men det er mykje som tilseier at dette kan bli endra dersom misnøgda blir for stor.

– Eg trur motstanden mot regionreforma er større enn det som bra er. Og då er ikkje døra mot Rogaland stengt. Når ein er i eit grenseområde må ein sjå på moglegheiter på begge sider av grensa. Blir rammene og kommunikasjonen betre den andre vegen så må me sjå på kva som gir oss mest vinst, seier Framnes.

Helsar debatten velkomen

- Annonse -
Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland (Ap). Foto: Bømlo kommune

Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland (Ap) stiller seg bak mange av bekymringane til Rydland, og trur dette blir viktig debatt framover.

– Eg veit ikkje heilt om eg er der at eg vil flagge ei overgang til Rogaland no, men eg er heilt klart på at me bør styrke bandet til Haugalandet. Sjølv om det går ei fylkesgrense mellom oss bør me ha eit tett samarbeid.

– Dette blir nok ein debatt hos oss framover, og eg kjem til å informere litt om utfordringane våre i kommunestyret neste veke.

Hovland fryktar likeins med Rydland og Framnes at blikket til makta i Bergen vil bli vendt mykje meir nordover når den nye regionen er ein realitet.

– Det er ein reell fare for at Bergen-regionen vender blikket veldig mykje nordover mot Sogn og Fjordane og mindre sørover. Då må me vere proaktive og klare å setje dagsorden. Då er det veldig viktig at Sunnhordland er samla i viktige spørsmål, seier Bømlo-ordføraren.

Vil heller få Rogaland med

Sveio-ordførar Jorunn Skåden (Ap). Foto: Sveio kommune

Ordføraren i Sveio, Jorunn Skåden (Ap), som sit heilt på grensa til nabofylket i sør, trur ikkje ein overgang til Rogaland er vegen å gå.

– Eg er ikkje så begeistra for at Rogaland er ute no. Det var eit stort tap. Eg meiner likevel at for me som ligg i grensa, så ser eg ikkje noko framtid i å gå over til Rogaland. Me må heller jobbe med å dra Haugalandet oss slik at Rogaland vert ein del av regionen.

– Du er ikkje bekymra over at dei som skal bestemme over Sveio vil sitje i Sogn, mange timars køyretur unna?

– Eg er sikker på at når det berre blir to fylke i den nye regionen så er dei nøydt å rigge dette på ein heilt annan måte. Då må tyngdepunktet kome nærare oss. Det som uansett blir viktig for oss er å bygge Sunnhordland, Haugalandet og Hardanger til ein stor og slagkraftig regionen.

Betre distriktspolitikk

Etne-ordførar Siri Klokkerstuen. Foto: Etne kommune

Heller ikkje hos Etne-ordførar Siri Klokkerstuen (Ap) freistar det noko særleg å bli ein del av Rogaland.

– Me var jo heilt samstemte i at når me satsa på ein Vestlandsregion så var det saman med Rogaland. Det ville løyst mange ting for oss. Me har mykje samarbeid med Haugalandet, men også innover mot Hardanger og mot Sunnhordland. Geografien vår gjer at me må ha kontaktar i alle retningar uavhengig av kor fylkesgrensa går.

Klokkerstuen trur det kan vere ein fordel for ein distriktskommune som Etne å dele skjebne med distriktsfylket Sogn og Fjordane.

– Når det gjeld distriktspolitikk er det klart at Sogn og Fjordane har mykje meir fokus på små einingar, og har hatt mykje tydelegare distriktspolitikk enn kva Hordaland har hatt. Det kan bli ein fordel.

– Uansett vil me vere ein utkant. Me kan ikkje sutre over det. Det er rett og slett ikkje sikkert at det vert noko betre å bli ein utkant i Rogaland.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -