The Switch held til i Grunnavågen i Sagvåg, der dei deler lokala med Wärtsilä. Foto: The Swich
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det finske selskapet The Switch, som starta opp i Grunnavågen i Sagvåg for mindre enn to år sidan, har fått internasjonal pris for nyskapande utviklingsarbeid.

Prisen for beste utviklingsteam 2018 vart tildelt The Switch under den internasjonal bransjemessa Electric & Hybrid Marine World Expo i Amsterdam.

Dagleg leiar i The Switch i Sagvåg, Asbjørn Halsebakke seier han er stolt over at ein så liten bedrift vinn ein så høgthengande pris.

– Med tanke på at me under oppstarten i november 2016 var 17 mann og i dag berre er 24, er det fantastisk at me kan måle oss og gå forbi store internasjonale konkurrentar med hundrevis av tilsette.

– Verkeleg imponerande

For å vinne prisen må ein bedrift vise til ingeniørarbeid som har løyst store tekniske utfordringar. Dei må ha gjort betydeleg gjennombrot og ha utvikla heilt nye innovasjonar.

– Eg kan ikkje sjå for meg ein mottakar som fortener denne prisen meir enn The Swich. Det dei har prestert på så kort tid er verkeleg imponerande, og er eit godt døme på kvifor ny teknologi i den maritime industrien blir utvikla så fort, seier John Thornton på vegner av prisutdelarane.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

The Swich får prisen for eit arbeid utført av fem personar på Stord, som har utvikla ein ny elektronisk komponent for levering på eit offshore-fartøy. Formålet er å redusere drivstoff-forbruket til båtane.

Jobba raskt

– Me fekk den originale ordren i september i fjor, så me har måtta jobbe raskt, seier Halsebakke.

Han er ikkje tvil om at teknologimiljøet på Stord ligg langt framme på verdsbasis.

– Det skjer stor verdiskaping og høgteknologisk utvikling her på Stord.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -